Folkehelsearbeid i Årdal

Folkehelsearbeidet skal bidra til god helse og bedre levekår i befolkninga.

Folkehelse handlar kort sagt om korleis det står til med befolkninga sin helsetilstand. Gjennom folkehelsearbeid kan ein påverke faktorar som førebygger sjukdom og som fremmer helse, trivsel og livskvalitet. Folkehelsearbeidet skal med andre ord bidra til god helse og betre levekår for innbyggarane i Årdal. Me har som mål å gje innbyggarane føresetnadar til å ta gode val, som førebygger sjukdom og fremmer helse. 

For å oppnå måla trengs det samarbeid mellom kommunale og fylkeskommunale teneste, frivilligheita, lag og organisasjonar. Langsiktig samfunnsplanlegging gjennom fokus på folkehelse i tekniske tenester, planarbeid, oppvekstsvilkår og kulturtilbod er også viktige elementer i folkehelsearbeidet.

Me har ikkje ein eige folkehelseplan. Men folkehelseperspektivet, med mål, strategiar og tiltak for å fremme folkehelsa, er vareteke i dei øvrige kommuneplanane. 

Folkehelsekoordinatoren skal vere ein pådrivar og tilretteleggar, leie kommunen sitt folkehelsearbeid, samt vere med i dei konkrete tiltaka der det er aktuelt. 

Folkehelsearbeid handlar m.m. om lokale prosessar, forankring og engasjement. Medverknad frå befolkninga reknast som eit berande prinsipp i folkehelsearbeidet. Slik medverknad kan til dømes kome frå enkeltpersonar, lokale interessegruppar, frivillige organisasjonar eller andre verksemd.

Har du innspel om folkehelsearbeid i Årdal ? Ta gjerne kontakt. 

 

Ressursar og verktøy:

Har du spørsmål?

Taryn Malkhassian
Tenesteleiar Helse og Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 40 52 62 60