Demens

Demens er eit samlebegrep for ulike kroniske hjernesjukdommar som oftast opptrer hjå eldre. 
Sjukdommen utviklar seg gradvis og får store konsekvensar for både pasient og pårørande.

Når kan du ta kontakt?

  • Om du har spørsmål og treng nokon å snakke med
  • Når du kjenner deg åleine og treng støtte og rettleiing
  • Ved mistanke om demenssjukdom:
  • Gløymer nylege hendingar
  • Gjentek historiar
  • Forvirra når det gjeld tid og stad
  • Vanskar med å kjenne igjen folk
  • Gløymer innlærde ferdigheitar
  • Endra personlegdom og/eller atferd
  • Svekka dømmekraft
  • Vanskar med å klare seg i kvardagen
  • Kjenslemessig ustabil, irritabel, manglande initiativ og sosialt upassande framferd
     

Demensteamet har taushetsplikt og treng ikkje å trekke inn fleire i omsorgtenesta før dykk er klare for det.

Kva kan demensteamet hjelpe med?

  • Demens utredning – utelukka andre demensliknande sjukdommar
  • Kartlegge behov for hjelp
  • Informere om ulike omsorgstilbud i kommunen, t.d. i eigen heim, dagsenter, avlastning
  • Informere om hjelpemidlar som kan støtte hukommelsen og bidra til auka sikkerheita i heimen
  • Gje informasjon, støtte og rettleiing, t.d. pårørandeskule

God kommunikasjon skapar tryggleik og tillit

  • Snakk langsamt
  • Bruk enkle ord/setningar
  • Bruk substantiv, ikkje pronomen (t.d. «Olav kjem», ikkje «han kjem»)
  • Still eitt spørsmål om gangen
  • Ikkje bruk «hugsar du» eller «kvifor»
  • Hjelp til med ord, ikkje overta samtalen
  • Ver oppmerksam på kroppsspråk
  • Bevar humor – le med og ikkje av

Kjenner du nokon som gløymer?

 

Demensteamet består av helsepersonell frå heimesjukepleien og ergoterapeut.  Me samarbeidar med lege, psykiatri/spesialhelsetenesta

  • Laura B. Nordgulen (heimesjukepleien Øvre Årdal)
  • Cecilie M. Brun (heimesjukepleien Øvre Årdal)
  • Linda Lomheim (Heimesjukepleien Øvre Årdal)
  • Anja Bolstad (heimesjukepleien Årdalstangen)
     

På nettsida www.aldringoghelse.no
ligg nyttig informasjon om demens

Artikkelliste