Seksjonering

Ein eigarseksjon er ein sameigepart i ein utbygd eigedom, med tilknytta einerett til bruk av ein eller fleire bustader i eigedomen.

Å seksjonere er å dele ein eigedom i fleire eigarandelar, der kvar seksjonseigar har einerett til å bruke ein bestemt brukseining i eigedomen. Dette kan f.eks. vere ei leiligheit i ein fleirmannsbustad. Ein seksjonert eigedom er eit sameige, men kvar seksjon er eit eige pante- og salsobjekt. Eigarseksjonar kan delast opp med eller utan uteareal. For å få eksklusiv rett til uteareal må det vere gjennomført ei oppmålingsforretning

I nokon tilfelle, f.eks. vertikaldelt tomannsbustad og rekkehus, kan frådeling vere å føretrekke. Det blir derfor tilrådd at søkjar vurderer om frådeling er meir føremålstenleg enn seksjonering der forholda ligg til rette for det.

Bygningane som skal seksjonerast, må vere ført opp eller ha gyldig igangsettingsløyve.

Kven kan søkje?

Tinglyst eigar/heimelshavar av eigedomen eller personar med fullmakt. Er det festa grunn, og det berre er bygget som skal seksjonerast er det i utgangspunktet tilstrekkeleg at festarane skriv under på søknaden. I slike tilfelle bør festekontrakta leggast ved søknaden, slik at vi kan vurdere om det er nødvendig å innhente samtykke også fra grunneigar/bortfestar.

Andre kan søke på vegne av heimelshavar, men det må då leggast ved skriftleg fullmakt. Unntaket er dersom det er ein advokat som søker. Fullmakta må vere original eller stadfesta rett kopi.

Korleis søkje:

Søknaden må sendast inn på standardiserte skjema i 3 eksemplar. Dersom du ønskjer å få oppmålt uteareal til seksjonane, må det leggast ved rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring.   

Kva slags vedlegg som skal følge søknaden, står oppført på søknadsskjemaet.  

Søknaden må ha originale underskrifter. Det samme gjeld eventuelle erklæringar.  

Planteikninge må innehalde:

  • markering av dei ulike seksjonane
  • forslag til seksjonsnummer
  • gårdsnummer og bruksnummer
  • informasjon om kva dei ulike romma skal nyttast til

I henhald til matrikkellova § 6, skal nytt eller endra uteareal til ein seksjon målast opp med tilhøyrande oppmålingsforretning.

Gebyr

Seksjoneringsgebyr

Seksjoneringsgebyr
Seksjonering Gebyr
Sakshandsamingsgebyr - eksklusiv synfaring 8460
Sakshandsamingsgebyr - inklusiv synfaring 9400

Søknadsskjema for seksjonering fin du her              

Rettleiing til søknadsskjema for seksjonering fin du her