Samanslåing av eigedommar

Fleire eigedommar som ligg i same kommune og har same heimelshavar, kan krevjast slått saman til ein eigedom. Som hovudregel krevst det at eigedomane grensar til kvarandre.

Fleire eigedommar som ligg i same kommune og har same heimelshavar, kan krevjast slått saman til ein eigedom, jf. matrikkellovas § 18. Som hovudregel krevst det at eigedomane grensar til kvarandre.
  
Samanslåing kan ikkje gjennomførast viss den vil føre til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Ved samanslåing utvidast panterett til heile den samanslåtte eigedom eller festerett.

Kven kan søkje?

Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel ved at heimelshavar(ane) skriv under på skjemaet, Krav om samanslåing

Saksgang

Kommunen kontrollerar at vilkåra for samanslåing er til stades, og kravet videresendast til tinglysing. Finn tinglysingsetaten at vilkåra framfor er oppfylt, merkast samanslåinga i grunnboka. Rekvirenten og kommunen varslast om utfallet. Panthavarar som frå før av ikkje er gjort kjent med saka, skal varslast om samanslåinga og den nye eigedomens nemning.

Gebyr

Samanslåing av eigedomar er gebyrfritt.

Lover

Matrikkellova