Søknadsfrist for barnehage og SFO hausten 2023 er 1. februar

Gebyr etter lov om eigedomsregistrering

Gebyr for arbeid etter matrikkellova  (Lovens § 32, forskriftene § 16) Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) finn du her vert fastsett som følgjer:

1.1 Oppretting av matrikeleining
1.1 Oppretting av matrikeleining Prisar
1.1.1 Oppretting av grunneigedom Pris
a Areal frå 0 - 500 m² kr. 14.300
b Areal frå 501 - 2000 m² kr. 21.700
c Areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt dekar kr. 1.960
d Areal over 20000 m² - minstepris eller medgått tid kr. 57.300
e Oppretting av grunneigedom med utsatt oppmålingsforretning kr. 11.400
1.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn Pris
a Areal frå 0 - 500 m² kr. 14.200
b Areal frå 501 - 2000 m² kr. 21.700
c Areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt dekar kr. 1.960
1.1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon Pris
Gebyr for oppmåling av uteareal pr. eigarseksjon
a Areal frå 0 - 50 m² kr. 7.700
b Areal frå 51 - 250 m² kr. 11.300
c Areal frå 251 - 2000 m² kr. 21.700
d Areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt dekar kr. 1.960
1.1.4 Oppretting av anleggseigedom Pris
Gebyr som for oppretting av grunneigedom
a Volum frå 0 - 2000 m³ kr. 25.300
b Volum frå 2001 m³ - auke pr. påbegynt 1000 m³ kr. 1.960,-
1.1.5 Registrering av jordsameige
Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid
1.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning
1.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning
Viser til 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4, 1.1.5 i tillegg kan det kome tillegsgebyr for å utføre oppmålingsforretning
1.2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering
Gebyr for utført arbeid når saka blir a) trekt før den er fullført, b) må avisast c) ikkje let seg matrikkelføre på gunn av endra heimelsforhold eller d) av andre årsakar ikkje kan fullførast, blir sett til 1/3 av gebyrsatsane etter 1.1. og 1.2 eller medgått tid
1.3 Grensejustering
1.3 Grensejusteringar Prisar
Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5% av den minste eigedomen sitt areal. (Maksimalgrense er sett til 500 m²). Ein eigedom kam imidlertid ikkje avgje areal som i sum overstig 20 % av eigedomen sitt areal før justeringa. For grense- og justering til veg- eller jernbaneføremål kan andre arealklassar gjelde.
1.3.1 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn Pris
a Areal frå 0 - 250 m² kr. 8.700
b Areal frå 251 - 500 m² kr. 11.400
1.3.2 Anleggseigedom Pris
For anleggseigedom kan volum justerast med inntil 5% av anleggseigedomen sitt volum, men den maksimale grensa blir sett til 1000 m3
a Areal frå 0 - 250 m3 kr. 11.700
b Areal frå 251 - 1000 m3 kr. 14.100
1.4 Arealoverføring
1.4 Arealoverføring Prisar
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløysar dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål.
1.4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige Pris
a Areal frå 0 - 250 m² kr. 17.500
b Areal frå 251 - 500 m² kr. 21.100
c Arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m² medfører ei auke av gebyret på kr. 2.200
1.4.2 For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ein matrikkeleining til ein annan, - ikkje vera registrert på ein tredje matrikkeleining. Volum kan berre overførast til ein matrikkeleining viss vilkåra for samanføyning er tilstades. Matrikkeleininga skal utgjera eit samanhengande volum.
a areal frå 0 - 250 m3 kr. 11.500
b areal frå 251 - 1000 m3 kr. 14.700
c arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m3 medfører ei auke av gebyret på kr. 2.200
1.5 Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning
1.5 Punkt Pris
a For inntil 2 punkt kr. 5.000
b For overskytande grensepunkt, pr. punkt kr. 1.090
1.6 Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt eller klarlegging av rettar
1.6 Punkt Pris
a For inntil 2 punkt kr. 8.700
b For overskytande grensepunkt, pr. punkt kr. 2.200
c Gebyr for klarlegging av rettar blir fakturert etter medgått tid
1.7 Privat grenseavtale
1.7 Grense Pris
a For inntil 2 punkt eller 100m grenselengd kr. 4.100
b For kvart nytt punkt eller påbegynt 100m grenselengd kr. 1.300
c Alternativt kan gebyr fastsetjast etter medgått tid
1.8 Timepris for arbeid etter matrikkellova
1.8 Timepris Pris
a Timepris for arbeid etter matrikkellova kr. 1.530
b Minstepris for slikt arbeid kr. 4.000
1.9 Handsaming av frådelingsøknad
1.9 Frådelingsøknad Gebyr
Gebyr frådelingssøknad kr. 3000
1.10 Urimelege gebyr
1.10 Urimelege gebyr
Dersom gebyret openbart er urimeleg i høve til dei prinsipp som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan administrasjonssjefen eller den han/ho har gitt fullmakt, av eige tiltak fastsetje eit passande gebyr. Den som har fullmakt kan under same forutsetjingar og med bakgrunn i grunngitt søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr.
1.11 Endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka
1.11
Hvis rekvirenten under sksgangen gjer endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, blir likevel gebyret ikkje endra
1.12 Utlevering av matrikkelbrev
1.12 Matrikkelbrev Pris
a Matrikkelbrev inntil 10 sider kr. 191
b Matrikkelbrev over 10 sider kr. 382
1.13 Betalingsvilkår
1.13 Betalingsgebyr
Gebyret skal fastsetjast etter det gebyret som gjeld på rekvisisjonstidspunktet, og skal krevjast inn etterskitsvis. I tillegg til gebyret etter dette regulerativet skal rekvirenten betale dei tinglysningsutgitene som førgjer av rekvisisjon.
1.14 Tidsfristar
1.4 Tidsfristar
Me legg til grunn dei tidsfristar som føl av matrikkelforskrifta §§ 18 og 19 ved handsaming av saker etter matrikkellova. Eit unntak er alikavel som krev arbeid i marka, og som kjem inn på eit tidspunkt der mark- og målearbeid kan gjennomførast før snøforholda tillet slik arbeid. Fristen gjeld ikkje i tidsrommet 15. oktober - 15. mai
Til toppen