Deling av eigedom

Skal du dele frå ei tomt eller endre eigedomsgrenser for eigedomen din, må du søke kommunen om løyve. 

Kven kan søkje?

Søknad om deling og rekvirering av oppmålingsforretning kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfellene der det er eit firma som er eigar av eigedommen vert det forlanga vedlagt firmaattest av nyare dato. jf. matrikkellova § 9 

Sjekk dette først

  • Er det reguleringsplan som gjeld for området og kva er området regulert til? 
  • Er det kommuneplanen sin arealdel som gjeld for området og kva er planføremålet?
  • Er området utsett for fare eller vesentleg ulempe som følge av natur- eller miljøforhold?
  • Forhold knytt til tilkomst, vatn og avløp? 
  • Gjeld det deling av landbrukseigedom? Då er det nødvendig med samtykke frå landbruksleiinga i kommunen.
  • Om eigedomen er utfordrande å bygge på bør du vurdere å søke om byggeløyve samtidig. Sakene vil då bli behandla parallelt.

Kva skal søknaden innehalde?

  • Søknad om deling av grunneigedom , Skjema (PDF, 179 kB) (skjema må skrivast ut i A3 format. Ta kontakt med kommunen ved behov), 
  • Situasjonskart  Kommunekart – målsett aktuelt areal på situasjonskartet så nøyaktig som råd. Tilkomst til tomta og vatn- og avløpsleidningar må teiknast inn.
  • Tiltaket må nabovarslast. Opplysningar gitt i nabovarsel og kvittering for nabovarsel må sendast inn.
  • Ny (og gamal/eksisterande) tomt må vere sikra lovleg tilgang til veg, vatn og avløp. 

Saksgang


Før søknad blir sendt til kommunen, må tiltaket nabovarslast (naboliste). Eventuelle merknader skal vere mottatt av ansvarleg søkar/tiltakshavar innan 2 veker etter at nabovarselet er sendt til partar dette vedkjem. Søknaden skal også innehalde eventuelle innkomne merknader og ansvarleg søkjar/tiltakshavar si utgreiing knytt til merknaden(ane) og eventuelle endringar i søknaden. Sjå også dibk.no 
Når søknaden er registrert i kommunen, blir det gjennomført ein enkel gjennomgang av søknaden. Er det manglar, vil det bli orientert om det. Kommunen sørgjer for å innhenta uttalar frå andre offentlege instansar, ved behov. 

Vedtaket blir fatta med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket blir sendt til søkjar med kopi til eventuelle partar som har hatt merknader til søknaden. Saksbehandlingstid for delingssaker er enten 3 eller 12 veker frå søknaden er komplett.
Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden og handsamast av landbruksstyresmaktene i samsvar med Jordlova § 12. 

Gebyr:

1.1 Oppretting av matrikeleining
1.1 Oppretting av matrikeleining Prisar
1.1.1 Oppretting av grunneigedom Pris
a Areal frå 0 - 500 m² 13500,-
b Areal frå 501 - 2000 m² 20500,-
c Areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt dekar 1850,-
d Areal over 20000 m² - minstepris eller medgått tid 54100,-
e Oppretting av grunneigedom med utsatt oppmålingsforretning 10800,-
1.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn Pris
a Areal frå 0 - 500 m² 13400,-
b Areal frå 501 - 2000 m² 20500,-
c Areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt dekar 1850,-
1.1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon Pris
Gebyr for oppmåling av uteareal pr. eigarseksjon
a Areal frå 0 - 50 m² 7300,-
b Areal frå 51 - 250 m² 10700,-
c Areal frå 251 - 2000 m² 20500,-
d Areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt dekar 1850,-
1.1.4 Oppretting av anleggseigedom Pris
Gebyr som for oppretting av grunneigedom
a Volum frå 0 - 2000 m³ 23900,-
b Volum frå 2001 m³ - auke pr. påbegynt 1000 m³ 1850,-
1.1.5 Registrering av jordsameige
Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid


Sjå betalingsregulativ
Skjema legg inn
(Link til skjema)

Rekvisisjon frådeling oppmåling Årdal kommune (PDF, 179 kB)
Nabovarsel  
Opplysningar gitt i nabovarsel  
Kvittering for nabovarsel. 

Lover 
Plan- og bygningslova
Matrikkellova
Matrikkelforskrifta
Jordlova


Sjå også 
Eigedomsinformasjon 
Kommunekart
 

Til toppen