Prisar for byggesak

Kor mykje kostar det å søkje

Saksbehandlingsgebyret blir rekna ut frå eit basisgebyr på kva du skal bygge og eit arealgebyr for byggverket sin storleik. Dersom du søker om dispensasjon kjem dispensasjonsgebyret i tillegg.

For alle typar bygg betalast eit basisgebyr for kvar frittståande bygning inntil 300 m² bruksareal

Byggesak - Rammeløyve
Rammeløyve Pris
Tiltaksklasse 1 – rammeløyve 18.100
Tiltaksklasse 2 – rammeløyve 21.700
Tiltaksklasse 3 – rammeløyve 25.300

 

Byggesak - Igangsetting
Igangsetting Pris
Tiltaksklasse 1 – igangsetting 12000
Tiltaksklasse 2 – igangsetting 15700
Tiltaksklasse 3– igangsetting 16300
Delsøknader utover to trinn kvar gong 3620

 

Byggesak - Eit trinns handsaming:
Eit trinns handsaming: Pris
Tiltaksklasse 1 – eitt trinns handsaming kr. 24.100
Tiltaksklasse 2 – eitt trinns handsaming kr. 27.700
Tiltaksklasse 3 – eitt trinns handsaming kr. 31.400
Søknad om tiltak utan ansvarsrett kr. 6.000
Mellombels brugsløyve kr. 6000
Førehandskonferanse kr. 4.830

Ved mellombelse bygningar betalast fullt gebyr i den kategori bygget omfattar.

Ved bruksendringar der det ikkje vert gjennomført ombygging betalast 25% av fullt gebyr for den kategori bygget skal nyttast til. Ved bruksendring der det vert gjennomført ombygging, betalast 50 % av fullt gebyr.

Andre søknadspliktige tiltak som fasadeendring, vindaugsskift (som medfører fasadeendring), støttemurar, støyskjermar, graving/fylling, antenner, skilt, balkongar etc. betalast med kr. 1.650.

Avvik frå høgde/avstand etter pbl  § 29-4 betalast med kr. 2.620.

Dispensasjonar med heimel i pbl.§ 19-1
Formål: kr. 7.650.
Andre: kr. 4.580.

Godkjenning av ansvarsrett
Byggesøknader Pris
Ved førstegangs godkjenning av sjølvbyggar 3620
Ved seinare godkjenning med nye funksjonar for sjølvbyggar 2410

For separate søknader som godkjenning av tekniske installasjonar, heisanlegg, tankar og avløpsanlegg og konstruksjonar som ikkje gjev BRA betalast kr. 2.620.

Utover 300 m² bruksareal vert basisgebyret auka med kr. 46 pr. m². Basisgebyret skal ikkje overstige kr. 98.250.

Gebyr byggesaks- og planhandsaming:
Gebyret er vedteke med heimel i plan- og bygningslova § 33-1 og gjeld tiltak som blir handsama etter forskrift om byggesak (Byggesaksforskriften) av 01.07.2010.

§ 1. Gebyr omfattar
Totalt gebyr omfattar:
Utskriving av grunnlagskart for situasjonsplan, naboliste. Sakshandsaming, godkjenning av ansvarlige, dokumentkontroll, tilsyn i byggeperioden og nødvendige attestar. Gebyret vert skreve ut til tiltakshavar.
Situasjonskart/oppmåling av bygg og terreng etter § 19 i SAK er ikkje inkludert i gebyrsatsane.
 
§ 2 Betalingsplikt
Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betala gebyr.
 
§ 3 Tidspunkt for gebyrutrekning
Gebyret vert utrekna etter det regulativet som gjeld den dato kommunen motteke ein tilfredsstillande melding eller søknad.

§ 4 Tidspunkt for fakturering og betalingstidspunkt
Når vedtak i samband med søknad/melding er gjeve vert fakturering for gjeldande gebyr utført.

§ 5 Prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar
Ved prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar vert gebyret utrekna etter tiltaksklasse for ansvarleg søkar.

§ 6 Mangelfulle søknader
Dersom søknaden openbart er mangelfull, betalast eit gebyr på kr. 785 for arbeid med innhenting av fullstendige opplysningar.

§ 7 Avslag
Ved vedtak på søknad/melding som medfører avslag betalast 50 % av fullt gebyr.
Ved vedtak som medfører avslag på søknad om ansvarsrett eller dispensasjon, betalast fullt gebyr.

§ 8 Tiltak som ikkje kjem til utføring
For tiltak der løyve er gjeve, men ikkje kjem til utføring vert 50 % av gebyret tilbakebetalt etter søknad.

§ 9 Ulovleg bygging
Ulovleg bygging vert belasta med dobbel sats av fullt gebyr etter reglane for søknadspliktige tiltak, også der tiltaket i utgangspunktet er meldepliktig. Gebyret skal også betalast der søknaden medfører avslag.

§ 10 Høve til å klage
Fastsetjing av gebyr i den enkelte saka kan ikkje påklagast. Rådmannen si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

§ 11 Krav til private planframlegg og forslag om reguleringsendringar
Private planframlegg, herunder endringsframlegg, skal leverast i digital form på gjeldande SOSI-format

Gjeldande gebyrsatsar for søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova:
For alle typar bygg betalast eit basisgebyr for kvar frittståande bygning inntil 300m² brugsareal.