Klage på vedtak i byggesak

Kven kan klage, når kan du klage, slik klager du, behandlingstid.

Klage på vedtak i byggesak

Er du misnøgd med vedtaket har du klagerett. Klagefristen er vanligvis tre veker frå du fekk vedtaket.

Kva vedtak kan du klage på?

Du kan klage på alle enkeltvedtak i byggesaker. I vedtaket frå kommunen skal det stå noko om klagerett, frist for klage og kven klagen skal sendast til.

Når kan du klage?

Fristen for å klage er tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen må vere postlagt før fristen går ut.

  • Har du ikkje fått vedtaket, er fristen tre veker frå du blei kjent med vedtaket eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket.
  • For planvedtak som blir offentleg kunngjort, må du klage seinast tre veker etter kunngjeringsdagen.

Sjølv om du sender inn klagen for seint, kan vi i nokre tilfelle etter ein konkret vurdering behandle klagen.

Kven kan klage?

For at vi skal behandle klagen din, må du vere part i saka eller ha rettsleg klageinteresse.

  • For at du skal vere part i saka, må vedtaket rette seg mot deg, eller direkte gjelde deg.
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha ei tilknyting til saka. Du kan og ha ei rettsleg klageinteresse om du har ei viss tilknyting til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeiningar og interesseorganisasjonar der saka råkar eigedomen fysisk (sol, luft, lys og skuleveg) eller økonomisk (konkurranseforhold og verdinedgang). Om du har rettsleg klageinteresse vurderer vi i kvart enkelt tilfelle.

Slik klager du.

Klagen må vere skriftleg og vere sendt til oss som eit vanleg brev eller e-post.

For å behandle klagen treng vi:

  • Skriv at det er ein klage.
  • Skriv kva vedtak du klagar på, til døme saksnummer eller namnet på saka det gjeld.
  • Skriv kva tilknyting du har til saka, til døme at du er nabo eller næringsdrivande i området.
  • Grunngjev kvifor du klagar, og skriv tydeleg korleis du ønskjer vedtaket endra.
  • Om du har ny informasjon som ikkje er omtalt i saka, er det viktig at det vert lagt ved klagebrevet.
  • Klagen må vere underskriven av deg eller din fullmektig, til døme advokat.

Om du ber om at gjennomføring av tiltaket vert stoppa til klagen er avgjort, må du legga ved ei eigen grunngjeving for dette (utsett iverksetting av vedtaket).
 

Kor sender du klagen?

Du kan sende klagen på e-post eller per post.

  • På e-post: postmottak@ardal.kommune.no
  • Per post: Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

Saksbehandlingstid

Vi skal behandle klagen innan åtte veker.
Om vi ikkje er einig i din klage sender vi klagen vidare til Fylkesmannen i Vestland.

Aktuell lov:
Forvaltningsloven finn du her