Bruksendring

Skal du bruke bygget eller deler av det til noko anna enn det bygget er godkjent til? Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove? Eller vil du dele opp bustaden i fleire bueiningar? Då må du søke om bruksendring.

Sjekk først om du må søke om bruksendring

På Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke:

Sjekk om du først må søke om bruksendring her

Avgrensingar i kommune- og eller reguleringsplanar

Det kan være avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan bygge. Dersom du ønskjer å bruke arealet til noko anna enn det arealplanen seier eller eigedomen er regulert til, må du søke om dispensasjon. Dette kan til døme være bruksendring frå bustadføremål til næring.

Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via Kommunekart.no eller ved å ta kontakt med oss.

På kommunekart.no

Forklaring til reguleringskart fin du her (PDF, 233 kB)

Du kan sende byggesøknad på eiga hand dersom

  • Du endrer rombruken frå tilleggsarel til hovuddel innanfor same branncelle (til døme frå bod eller vaskerom til stove, soverom eller liknande.
  • Du slår saman fleire bueiningar

Dersom du ønskjer å slå saman bueiningar må dette leggast ved søknaden

  • Opplysningar om gardsnummer, bruksnummer, eigar og adresse.
  • Situasjonsplan.
  • Målsette planteikningar av kvar etasje som viser kva romma vert brukt til. Teikn også inn dører, vindauge og trapper, inngang osv. Dersom du har planteikningar av huset kan du bruke desse som utgangspunkt og teikne inn alle endringane slik huset vert brukt i dag.
  • Følgjeskriv der du beskriv historikken til eigedomen/bygningen. Korleis den var bygd, endringar som er gjort undervegs og dagens situasjon.

Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom

  • Du skal lage ei nu eining/leilegheit eller sekundærleilegheit, til dømes ei utleigeleilegheit.
  • Du skal bruke huset eller delar av det til noko anna enn det du gjer i dag. Til døme frå næringsbygg til bustad, eller frå bustad til serveringsstad eller butikk.
  • Du skal endre på bereveggar eller berande golv.
  • Du ønsker å få godkjent ein ekisterande utleigedel som ei sjølvstendig bueining etter plan- og bygningslova.

Er det feil i opplysningar i eigedomsregisteret?

Kommunen brukar alltid opplysningane som ligg i matrikkelen (Norges offisielle register over fast eigedom, det vil sei bygningar, bustader og adresser).

Finn du at det som er registrert i matrikkelen om bygningen din er feil så kan du sende brev/e-post til kommunen om dette. Du må kunne dokumenterer feilen med tidlegare gitt løyve og godkjente teikningar.
Postadresse: Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

  • E-post: postmottak@ardal.kommune.no