RustenesterLytt til tekstenStopp avspillingRustenesta i Årdal er organisert under NAV Årdal. Rustenesta tilbyr hjelp til alle med behov for det, frå fylte 18 år. Me tilbyr i tillegg rettleiing til pårørande.Kva kan tenesta hjelpe deg med?Førebyggande arbeid for å motverke utvikling av rusmisbrukStøttesamtalarRåd og rettleiingOppfølging i bolig med miljøvaktmeisterLågterskel gruppe - og aktivitetstilbod; trening på treningssenter tre gonger i veka og tur i natur saman med psykisk helsetenesteKoordinering av tiltak og arbeid med individuell plan og oppfølgingsteam Hjelp og støtte til pårørandeSamarbeid med eit breitt spekter av tenester i og utanfor kommunenHenvise til tverrfagleg spesialisert behandling (rus)Samarbeid med psykisk helseteneste Kva kan du forvente deg av tenesta?Tenesta er gratis og vi tek raskt kontakt med deg dersom du har uttrykt at du ynskjer hjelp. Saman med deg kartlegg vi kva du ynskjer fokus på i oppfølginga og lagar ein plan for korleis nå måla dine.Dette forventar tenesta av degDet er ditt behov og ynskje for hjelp som ligg til grunn for den tenesta du tek imot.Plandokument Ruspolitisk handlingsplan 2020 - 2024 (PDF, 2 MB)Handlingsplan mot vald i nære relasjonar 2020 - 2024 (PDF, 2 MB)Korleis kome i kontakt med oss?Du kan sjølv ta munnleg eller skriftleg kontakt med tenesta. Det er også vanleg at personar vert søkt inn til tenesta gjennom fastlege, spesialisthelsetenesta, andre kommunale tenester, NAV med fleire. Sist endra 15.04.2024 09:49