Betre Tverrfaglig Innsats (BTI)

Kva er BTI?

I Årdal kommune har vi fokus på barn og unge sin trivsel. Vi har innført Betre Tverrfagleg Innsats (BTI), ein samhandlingsmodell som vi brukar i arbeidet med barn og unge det er knytt bekymring til. Vi har teke i bruk Stafettlogg.  Sentrale stikkord her er samarbeid, gode overgangar og dokumentasjon. Stafettloggen vert alltid utarbeidd i samarbeid med føresette ved bruk av samtykke. Barnet/eleven vert tidleg involvert. Alle avtalar om tiltak, ansvar og fristar vert ført inn i stafettloggen. Dei føresette får fullt innsyn i loggen ved at dei har lesetilgang, og dei kan sjølv bestemme kor tid loggen eventuelt skal avsluttast.

Årdal kommune sin leverandør av den elektroniske loggen er Conexus Companion. For å sikre personvernet til den einskilde og for sikker lagring av data vert det nytta bankID ved innlogging. Føresette har heile vegen fullt innsyn i alle data.

Det vert opplyst om at det som er registrert i loggen, følgjer arkivlovgjevinga og såleis vert oppbevart for framtida.

Sjå lenker for meir informasjon:

Bedre Tverrfaglig Innsats - forebygging.no

Bedre Tverrfagleg Innsats, brosjyre - Helsedirektoratet

Handlingsrettleiar

Handlingsrettleiaren er eit arbeidsverktøy til bruk for tilsette – korleis dei skal gå fram når dei skal hjelpe barn, unge og familiar. Den består av 4 nivå med ulike trinn innanfor kvart nivå.

Nivå 0: Undring

Dette er avklaringsfasen for tilsette, barnet/ungdommen og føresette skal involverast så tidleg som mogleg.

Nivå 1: Frå bekymring til tiltak.

Dette nivået skildrar innsatsen som vert sett i gong på eigen arbeidsstad. Saman med barnet/ungdomen/føresette vert tiltak planlagt, gjennomført og evaluert.

Nivå 2: Tverrfagleg innsats – fleire med

Dette nivået skildrar samarbeidet mellom fleire tenester. Dette vert gjort saman med barnet/ungdomen/føresette.

Nivå 3: Samhandling med fleire tenester.

Dette nivået skildrar samarbeidet mellom fleire tenester som krev mykje koordinering. Dette vert gjort saman med barnet/ungdomen/føresette.

Stafettlogg

Ein stafettlogg er eit verktøy som vert nytta i samarbeidet rundt barn/ungdom og foreldra.

Kva er ein stafettlogg?

  • Ein stafettlogg er ein (elektronisk) logg over tiltak og involverte personar.

  • I stafettloggen er alle igangsette tiltak med evaluering samla for barnet det gjeld.

  • Stafettloggen beskriv tiltaka som er inngått.

  • Stafettloggen gir ei oversikt over kva tenester og fagpersonar som er involvert, og kva oppgåver dei har.

  • Stafettloggen skal vere med på å sikre gode overgangar for de og barnet/barna dykkar.

Stafettloggen vert alltid utarbeidd i samarbeid med de som foreldre ved at de gjev samtykke. De vil til ei kvar tid vere oppdatert på det som er skrive om barnet. Berre foreldra til barnet/barna og dei personane som foreldra samtykker til, kan få lesetilgang til stafettloggen.

Kor tid startar ein stafettlogg?

Når ein tilsett og foreldre er blitt merksam på barnet, har diskutert uroa/bekymringa og foreldre har gitt samtykke. Barnet /ungdommen skal alltid snakkast med. I samarbeid med de foreldre og barnet dykkar vert det skreve inn tiltak, både som gjeld barnehage/skule og heim. Tiltaka vert knytt til utviklingsområde der barnet kan ha nytte av ekstra støtte i ein periode eller over tid. Det vil alltid liggje føre samtykke frå de foreldre dersom fleire tenester òg skal involverast. Det må i tillegg liggje føre samtykke ved alle overganger.

Når sluttar ein stafettlogg?

Stafettloggen sluttar når de som foreldre saman med øvrige samarbeidspartar ser at barnet trivast og tiltaka har gitt ønska effekt. Som foreldre kan de til ei kvar tid avslutte loggen.

Korleis få hjelp?

Du som mor/far/familie kan få hjelp ved å ta kontakt med barnehage, skule, helsestasjon eller andre tenester du er i kontakt med når det gjeld barnet. Ungdom kan ta kontakt med ein vaksen som ungdommen er trygg på og har tillit til, og som kan rettleie på vegen vidare.

Har du spørsmål?

Silje Berge
Fagleiar - Rustenesta
E-post
Telefon 41 28 66 64