Visma Flyt Skule og Min skule-app
Me nyttar Visma Flyt Skule for å gjere kontakten mellom heim og skule enklare.
Føresette sin tilgang til Visma Flyt Skule
Du logge inn med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).
Innlogging til Visma Flyt Skule
Føresette brukar Visma Flyt Skule til
- Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er rett.
- Gje samtykke.
- Følge med på fråvær, merknader, vurderingar og karakterar.
- Finne kontaktinformasjon til kontaktlærar.
- Søke, seie opp eller endre SFO-plass.
- Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass.
Min skule - app
Min skule app skal forenkla dialogen mellom skule og heim for føresette med born i grunnskulen. Via appen vil de som føresette kunna kommunisera med skulen og ta imot informasjon. Data frå appen vil bli handsama og lagra i tråd med gjeldande lovverk.
Desse funksjonane finst i appen i dag:
- Sende meling til ein eller fleire tilsette
- Ta imot melding frå skulen
- Melde og redigere fråvær.
Ofte stilte spørsmål
Innloggingen til Visma Flyt Skule er i utgangspunktet tilpassa tilsette sin innlogging på mobiltelefon eller nettbrett. Dersom du får opp mobilsida med overskrift "Visma Flyt Skole - Ansatt" må du klikke på "Fullversjonen av Visma Flyt Skole" for å logge på som føresett. Føresette loggar inn med ID-porten (MinID/BankID eller tilsvarande).
Før du kan redigere samtykke, må du først registrere generelt samtykke. Det gjer du ved å klikke på Generelt samtykke på framsida av foreldresida til Visma Flyt Skule. Deretter kan du gå inn på det enkelte barnet og redigere samtykke. Klikk på lenka Rediger til høgre for kvart samtykke.
- Logg inn på Visma Flyt Skule.
- På framsida skrollar du nedst på på sida og sjekkar at det er registrert korrekt mobilnummer og e-postadresse på deg. Dette kan du eventuelt korrigere ved å klikke på Rediger-knappen nedst. NB! Dersom det står landskode (+47) foran telefonnummeret ditt, må du ta dette vekk.
- Sjekk deretter kva varslingsinnstillingar som er sett opp for deg. Desse kan du endre ved å klikke på Varslingsinnstillinger på framsida
- Du må logge ut av appen gjennom funksjonen "Logg ut og lag ny kode".
- Logg inn på ny.
- Finn Årdal kommune
- Logg på med ID-porten. (t.d. bank-ID)
Dersom du framleis ikkje kjem inn, må du ta kontakt med skulen.