Tangen skule

Bilete av Tangen skule - Klikk for stort bilete

Om Tangen skule

Skulen ligg på Årdalstangen og på folkemunne vert området skulen ligg på kalla "Cuba". På same området finn du Tangen skule og fritidspark, bygd på dugnad i samarbeid med idrettslaget ÅTIL.

Skulen er ein 1-10 skule med 200 elevar fordelt på 10 klassar. Skulen organiserer SFO - tilbod til 47 born. Medrekna støttefunksjonar, assistentar og pedagogar har i alt 53 personar arbeidet sitt ved skulen.

Tangen skule vart bygd i industrireisinga på 50-talet, fyrste byggesteget i 1955. Innføring av ungdomsskule på Årdalstangen auka elevtalet slik at byggesteg 2 og kroppsøvingsavdeling stod klart i 1968. Siste delen vart påbygd i 1978.

Eldste delen av skulen er totalt ombygd og ferdigstilt hausten 2004. Same år vart Tangen skule - og fritidspark innvigd og opna av miljøvernministaren.

Visjon

Vi skal utvikle sjølvstendige, trygge born med danning og lærelyst.

Motto

Læring gjennom trivsel og respekt.

Våre sentrale verdiar

Trivsel, respekt, tryggleik, meistring.