Søk om fri frå skulen

Du kan søka om fri frå undervisning i inntil 10 dagar kvart skuleår.
Her finn du informasjon om kva du bør ta omsyn til og korleis du søker.

Du bør unngå å søka fri for eleven:

  • Når eleven skal ha eksamen eller tentamen
  • Under store prosjekt eller gruppearbeid
  • Under nasjonale prøvar og andre kartleggingar
  • I oppstart av skuleåret
  • Om eleven har unormalt høgt fråvær

Som føresett er det ditt ansvar å sjå til at eleven føl undervisninga i permisjonstida. Da kan du følgja dei arbeidsplanar som er sett opp i veke eller periodeplan.

Det er ingen søknadsfrist, men hugs å søka i god tid før du ynskjer eleven fri frå undervisninga. 
Send e-post til kontaktlærar med informasjon om kortid, kor lenge og gjerne kvifor. 

Du vil normalt få svar på søknaden innan 10 virkedagar.

Oversikt med kontaktopplysningar pr klassetrinn Farnes skule

Oversikt med kontaktopplysningar pr klassetrinn Tangen skule

Til toppen