Informasjonsavis

Til heimen 

God kommunikasjon mellom heim og skule medverkar positivt i vårt arbeid. Det er dykk som foreldre som har hovudansvaret for ungane sin danning og utvikling. De sit på unik kunnskap om ungane dykkar som me er heilt avhengige av for å støtta eleven si danning, læring og utvikling. Så er det vårt hovudansvar å ta initiativ til, og legga til rette for eit godt samarbeid. Formålsparagrafen i Opplæringslova, skulen sitt overordna styringsdokument seier mellom anna: «Opplæringa i skule og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dørar mot verda og framtida og gje elevane ei historisk og kulturell innsikt og forankring». 

Ein kan ikkje kjøpa det viktigaste ungane treng. Her er det eigeninnsats som tel. Å kunna stilla opp for dei, ha klare reglar samt vera gode rollefigurar er noko av det viktigaste me kan gjera. Ungane våre er «på lån» for ei tid, før dei skal ut i verda og stå på eigne bein! 

I vår informasjonsavis finn du ein del nyttig informasjon om korleis me driv skule. 

Les heile dokumentet (PDF, 817 kB)

Med venleg helsing! 

Kurt Jevnaker - Rektor