Prisar og foreldrebetaling
- Du betalar frå den månaden barnet ditt startar i barnehagen
- Familiar med fleire barn i barnehage får søskenmoderasjon
- Familier med lav inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling
- Kostnad for mat kjem i tillegg
Barnehageplass
Ingen hushaldning skal betala meir enn 6% av samla inntekt for ein barnehageplass. I 2023 vil hushaldningar med inntekt under kr. 600.000 ha rett til redusert foreldrebetaling. Familien må søkja om reduksjon. For sein henting av barn vert fakturert med kr. 200,- kvar gong.
Du betalar for elleve månader i året. Juli er betalingsfritt.
For sein henting av barn vert fakturert med kr. 200,- kvar gong.
Du kan velge om du vil delta i barnehagen sine måltid. Då kan du velge eit eller fleire av måltida. Kostnaden vert fakturert saman med barnehagebetalinga.
Søskenmoderasjon
Reduksjonen for det andre barnet er 30 prosent, og for det tredje barnet og oppover er det 50 prosent reduksjon.