Foreldreråd og samarbeidsutval
Barnehagelova sitt formål og innhald legg rammene for barnehagen sin kvalitet. Alle barnehagar skal etablere foreldreråd og samarbeidsutval (SU). Barnehagen legg rammene for organisering, og kva oppgåver utvalet skal vere involvert i. Dette for å ivareta kravet om medverknad og samarbeid med barna sine heimar.
Foreldreråd
Eit organ som gir alle foreldre medverknad på barnehagen si verksemd. Foreldrerådet består av foreldre til alle barna i barnehagen, dei vel sine representantar til Samarbeidsutvalet (SU)
Samarbeidsutval
Eit formelt og lovbestemt organ samansett av representantar frå foreldre og tilsette. Styrar si rolle er å vere sekretær og sakshandsamar for utvalet. Utvalet arbeider med saker som er viktige for barnehagen sitt innhald og forhold til føresette. Døme på tema som utvalet kan behandle:
- Fastsetting av årsplan
- Tema på foreldremøter
- Driftsendringar
- Arealutnytting
Sakslister og referat frå møta blir distribuert internt til alle foreldre.
Lover og reglar
Foreldreråd og samarbeidsutvalg - Barnehagelova Kap. II, § 4
Sist endra 05.01.2023 12:54