Borgarleg vigsle

Bilde av vigsel ved Årdalsvatnet på Loi

1. januar 2018 fekk alle kommunar i Noreg mynde til å gjennomføra borgarlege vigsle. Hjå oss har ordførar og varaordførar denne fullmakta.

Å vigsle dykk i Årdal kommune

De må kontakte oss i god tid før vigsla for å avtale tidspukt. Det er ikkje avgrensingar for kvar vigsla skal føregå, men datoen og tidspunktet må passe før me kan stadfeste giftarmål utanfor rådhuset. Pris er avhengig av tid og stad. 

Prisar

Vigsla er gratis dersom følgjande punkt er oppfylte: 

  • vigsla finn stad på rådhuset, Statsråd Evensensveg 4
  • vigsla skjer på ein kvardag mellom kl. 10:00 og 16:00
  • brudeparet er busett i Årdal

Om brudeparet ikkje er busett i Årdal kommune, men frå Årdal, og oppfølgjer resten av krava, kostar vigsla kr. 1 000.

Om vigsla skal stå utanfor opningstida og utanfor rådhuset kostar vigsla kr. 2 500.

Før de giftar dykk 

Før de kan gifta dykk må de søkje om prøving av ekteskap. Om begge har norsk personnummer eller D-nummer kan de søkje digitalt. Dette gjer de ved å fylle ut eigaerklæring, forlovarerklæring og attest, bruk Skjema Prøvingsattest - erklæring frå brudefolket på skatteetaten sine nettsider.

Skatteetaten sjekkar då om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De mottek så ein prøvingsattest som viser om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Dei som søkjer digitalt vil få tilsendt prøvingsattesten i Altinn.

Den digitale prøvingsattesten sender de på epost til postmottak@ardal.kommune.no, ikkje seinare enn to veker før vigselsdato.

Du kan og sende attesten til:

Årdal kommune
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

eller levere den personleg på same adressa.

Prøvingsattesten er gyldig i fire måneder.

Brudeparet må og skaffe to vitner som er til stades under vigsla. Vitna treng ikkje vere forlovarane, men vitna må være over 18 år.

Korleis føregår sermonien 

Brudepar, vitne og gjester må møte 15 minutter før avtalt tid for vigsel. Informer tenestetorget i 1. etasje at de er komt. Vigselsansvarleg kan be om legitimasjon med bilde, uten gyldig legitimasjon kan vigsla bli utsett.

Vi kan tilby seremoni på norsk eller engelsk. Ønske de engelsk vigsel må de avtale det på førhand. For andre språk må de sjølv sørgje for kvalifisert tolk.

Det er mulig å setje personleg preg på vigsla. Det kan for eksempel være dikt, musikkinnslag eller vigselsløfter. Ta kontakt på epost eller telefon om dette er ønskeleg.

Har du spørsmål?

Lene Risløw
Konsulent tenestetorget
E-post
Telefon 40 40 33 97
Aud Andersen
Konsulent tenestetorget
E-post
Telefon 57 66 52 20