Tilsyn i fosterheim

Alle born som bur i fosterheim skal med jamne mellomrom få besøk av ein person som har tilsyn og kontrollerar at barnet har det bra der det bur. Det er kommunen der barnet bur som har ansvar for tilsynsordninga.

Alle barn som bur i fosterheim skal så ofte som naudsynt, og minimum fire ganger i året, få besøk av ein person som kommunen har engasjert for å kontrollere at barnet har det bra. Denne personen skal ikkje vere tilsett som kontaktperson i barnevernet, og skal heller ikkje ha nær relasjon til fosteheimen. 

Tilsynspersonen skal skrive rapport frå besøka i fosterheimen. Denne skal kommunen godkjenne og sende til barnet sin omsorgskommune. Alle som vil vere tilsynsperson med born i fosterheim må levere utvida politiattest.  

Har du spørsmål?

Barnevern fellesnummer
Telefon 57 66 50 10