Tilpassa hjelpetiltak i heimen

For familiar som strevar med ulike vanskar, kan det vere meir nyttig at det kjem nokon heim for å hjelpe - framfor å sitje i møter og samtalar. 

Me har to tiltaksarbeidarar som arbeidar med individuelt tilpassa tiltak i heimen. Tiltaksarbeidarane har erfaring og kompetanse på å arbeide med ulike type tiltak, og utviklar saman med familien mål og strategiar for tiltaket.

Tiltaksarbeidarane har god erfaring med tverrfagleg samarbeid og jobbar tett i lag sakshandsamarane våre. Ofte er tiltak i heimen kombinert med andre og tverrfaglege hjelpetiltak. 

Har du spørsmål?

Barnevern fellesnummer
Telefon 57 66 50 10
Til toppen