Rettleiing i foreldreoppgåva

Dei aller fleste born får trygg og god omsorg frå sine foreldre. For nokre familiar er det likevel vanskeleg å få dette godt til, og det kan vere behov for hjelp til å utvikle seg i foreldrerolla.

Me tilbyr ulike hjelpetiltak til familiar som treng rettleiing i foreldrerolla si.

Dette kan mellom anna vere individuelt tilpassa tiltak frå oss eller i tverrfagleg samarbeid med våre samarbeidspartnarar i og utanfor kommunen. Døme på slike tiltak kan vere: Råd og rettleiing, Tryggleikssirkelen, De Utrolige Årene, Parent Managment Training Oregon (PMTO), Funksjonell Familieterapi m.m.

Me tilbyr også angstprogrammet Cool Kids for born og unge i skulealder. 

Har du spørsmål?

Barnevern fellesnummer
Telefon 57 66 50 10