Familievernkontoret i Sogndal
Familievernkontoret gjev deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien.
Du kan ta direkte kontakt med familievernkontoret. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema.
Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling:
- ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med born under 16 år
- når foreldre som ikkje bur saman, ynskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær