Visjon

Årdal Kommune skal vere ein attraktiv stad å bu, arbeide og leve. Me skal vere eit livskraftig lokalsamfunn der innbyggjarane oppleve tryggleik, fellesskap og moglegheiter gjennom heile livet.

Me skal vere ein kommune med:

  • trygge og gode oppvekstvilkår, der barnehagar, skular legg til rette for meistring, læring og utvikling for alle barn og unge
  • god folkehelse og livskvalitet, bygd på tryggleik, tillit, inkludering, likeverd og rettferdig fordeling av moglegheiter
  • framtidsretta tenester og infrastruktur, der teknologi og innovasjon bidreg til ein effektiv, berekraftig og moderne kommune

Kortversjonen

Årdal kommune skal vere ein attraktiv bustadkommune og eit livskraftig lokalsamfunn, der tryggleik, inkludering, læring, folkehelse og framtidsretta utvikling skapar gode liv for alle.