Ynskjer du jobb i eldreomsorg?

Me har ledige stillingar som sjukepleiarar, helsefagarbeidar og assistent. Søknadsfrist 3. august 2025.
 

Sjukepleiar i eldreomsorg, både fast og vikariat

Er du utdanna sjukepleiar med hjarte for eldreomsorg? Ynskjer du å vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag?
I Årdal kommune har me ledig følgjande:
-           2 x 100% fast stilling som sjukepleiar ved Årdal sjukeheim
-          100% vikariat som sjukepleiar ved Heimesjukepleia i Årdal
 

Assistent i eldreomsorg

Har du ledig tid i helgene? Kan du tenka deg å arbeida med eldre?
Me har ledig helgestilling som kan passa for elevar/studentar og andre (ein bør vera fylt 18 år):
-       21% fast stilling som assistent ved Årdal sjukeheim.

Vikariat som helsefagarbeidar

Me søkjer trygge, omsorgsfulle og utviklingsorienterte tilsette som helsefagarbeidarar med viktige roller i omsorgstenesta vår.

Er du den me treng i våre team?
Me har ledig følgjande:
-          75% vikariat som helsefagarbeidar for tida ved ÅBO
-          100% vikariat som helsefagarbeidar for tida ved Heimesjukepleie Årdal

Les meir om stillingane her