Meddommarar
Meddommarane har ein viktig funksjon når domstolane behandlar og avgjer saker. Meddommarane deltek i straffesaker i tingretten og lagmannsretten, og bidrar til å vurdere om den tiltalte er skuldig og kva slags straff vedkomande eventuelt skal få. Meddommarar i jordskifteretten deltek i saker som gjeld fast eigedom.
Den som vert valt må ha tilstrekkelege norskkunnskapar og elles vere personleg eigna til oppgåva. Vedkomande må ha alminneleg god digital kompetanse.
I tillegg må vedkomande:
- vera over 21 år og under 70 år
- ha røysterett i offentlege saker
- ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling eller konkursbehandling, eller i konkurskarantene
- stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen
- vere statsborgar i Noreg / anna nordisk land, eller stå innført i folkeregisteret som busett i landet dei tre siste åra.
Ein del personar kan vere utelukka på grunn av at dei innehar visse stillingar og på grunn av vandel. Dette står det meir om i Domstollova § 71 og § 72.
I tråd med Domstollova § 67 skal utvala av meddommarar ha “ en allsidig sammensetning, slik at de best mulig representerer alle deler av befolkningen. Kommunen skal oppfordre allmennheten til å foreslå kandidater til valget.”
For meir informasjon sjå www.domstol.no
Skjønnsmedlemmar
Årdal kommune skal føreslå kandidatar til utvalet til fylkeskommunen. Den øvre aldersgrensa på 70 år i Domstollova §70 andre ledd - gjeld ikkje for skjønnsmedlemmer. Det er behov for skjønnsmedlemmer med kompetanse knytt til ulike sider av verdifastsetting, bruk og drift av eigedom.
Kan du tenkje deg å vere meddommar eller skjønnsmedlem sjølv, eller har du forslag til kandidat(ar)?
Meld inn på registreringsskjema