Vil du bli leiar for frivilligsentralen på Årdalstangen?
Vil du vere med å styrkje fellesskap og skape gode møteplassar?
Årdal kommune søkjer ein engasjert og initiativrik medarbeidar til ei fast og variert 100 % stilling som leiar for frivilligsentralen på Årdalstangen.
Sist endra 24.06.2026 14:52
Kven er du?
- du likar folk – og folk likar deg
- du tek initiativ og får ting til å skje
- du er like komfortabel med ungdom som med vaksne og eldre
- du ser moglegheiter der andre ser «det går ikkje»
- du er strukturert nok til å få oversikt – og fleksibel nok til å snu deg rundt
- er ein god relasjons og nettverksbyggjar
- kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg
- du har kjennskap til og erfaring frå frivillig sektor
Les meir om stillinga og gjerne søk på stillinga.