Verdas overdosedag 31. august
Den 31. august er den internasjonale overdosedagen. Denne dagen vert markert over heile landet.
Sist endra 25.08.2026 10:29
Me minnast dei me har mista i overdose og viser medkjensle og støtte til dei etterlatte.
Korus
Dagen er og viktig for å skape engasjement kring førebyggande arbeid. Lokalt har me også fokus på å få ut informasjon om kvar du kan få hjelp i kommunen.
I år vert dagen markert med stand på torget i Øvre mandag 31. august kl. 12:00 til 14:00.
Alle er velkomne til å slå av ein prat og få seg ein kaffikopp. Det vil også vere diverse informasjonsmateriell på standen.
Dei som står bak markeringa er psykisk helseteneste, tildelingskontoret og rustenesta i Nav, representert ved Kristiane Laberg Seim, Kjersti Nundal og Silje Berge. Denne arbeidsgruppa jobbar med tematikken gjennom heile året.