Sverre Heggheim har teke til som styrar i Farnes barnehage frå 1. august etter Anne Britt Skarsbø har gått over i pensjonistane sine rekker.
Sist endra 07.08.2025 12:33
Sverre kjem frå Tangen skule der han har hatt lærarstilling dei to siste skuleåra. Han er oppvaksen i Seimsdalen, utdanna barnehagelærar og har lang røynsle frå barnehagar i Bergen. Hausten 2023 tok han med familien heim til Årdal. Me er glad for at Sverre tek på seg denne viktige rolla ein barnehagestyrar har i Årdalssamfunnet.

Me ynskjer Sverre velkommen på laget!