Varsel om skogrydding langs straumleidningar - Seimsdalsstrondi

Straumnett skal utføre rydding av vegetasjon langs luftleidningar i dykkar område i løpet av dei komande vekene. Ryddinga må gjerast for å ivareta ein god og stabil straumlevering, samt oppretthalde krav til personsikkerheit sett av myndigheitene. Vi vil håpe på et godt samarbeid i skogryddingsprosessen slik at det kan utførast med minst mogleg ulempe for alle parter. Det minnast om at nettselskapet skal rydde store geografiske områder som krev ein effektiv gjennomføring. Det er vedlagt ein brosjyre med tittel ’’Skogrydding i nærområdet’’ her finn dykk alle praktiske opplysningar med omsyn på skogryddinga som skal gjennomførast. Det er viktig at denne blir lest for å forstå kva ansvar og sikkerheitsmessige forhold som gjelder. 

Det vil bli nytta godkjent plantevernmiddel i samsvar med gjeldande regelverk. 
Middelet vert brukt målretta for å hindre uønska vegetasjon.

Middelet som vert brukt heiter Roundup Flex 500.

Les meir i denne brosjyra om linjerydding. (PDF, 521 kB)

Dette varselet omhandlar høgspentlinje på Seimsdalsstrondi. Det vert kun skogrydding langs den raude traseen, der det er naudsynt.(Sjå vedlagt kartutsnitt)

Dersom du har spørsmål til arbeidet, ta gjerne kontakt.

Med venleg helsing
Straumnett AS

Tomas Luggenes
E-postadresse: tomas.luggenes@straumnett.no
Mobil: 992 25 481

Et bilde som inneholder line, kart, diagram, tekstKI-generert innhold kan være feil.

 

Dette brevet er godkjent elektronisk i Straumnett AS og har derfor ingen signatur.