Utlegging av manntal

Manntalet for Årdal kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn frå måndag 14. juli til og med måndag 8. september. Manntalet vert ikkje lagt ut elektronisk.

Du kan sjå i manntalet på desse stadane:

  • Tenestetorget på rådhuset, Årdalstangen
  • Årdal bibliotek i Øvre Årdal

Du kan og ringe Tenestetorget på telefon 57 66 50 00 og få opplyst over telefon om du står i manntalet.

Har du flytta til ein anna kommune og melding om flytting ikkje er registrert i folkeregisteret innan 30. juni 2025, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøyste.

Står du ikkje i manntalet?

Står ikkje namnet ditt i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeve. Send klagen på e-post til postmottak@ardal.kommune.no eller i brev til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen.

Valstyret vil rette feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram til valdagen.