Tilsette i Årdal kommune må fjerne TikTok og Telegram

Logo Telegram - Klikk for stort bilete Logo TikTok - Klikk for stort bilete

Årdal kommune tek vurderinga til Nasjonal Sikkerheitmyndigheit (NSM) på alvor. Difor har alle tilsette fått melding om å fjerne applikasjonane Telegram og TikTok frå alle einingar som er eigd av kommunen. Me oppfordrar og alle tilsette om å fjerne TikTok og Telegram på private eininga dersom tilsette har applikasjonar som er tilknytt Årdal kommune, til dømes Outlook og Teams.

Årdal kommune er særs oppteken av IKT-tryggleik. Me jobbar for å beskytta våre informasjonssystem/data så godt som råd. På generell basis er trusselnivået høgt. Datatryggleik i kommunen er ein kontinuerleg jobb.

Les meir om anbefalinga til Nasjonal Sikkerhetmyndighet.