Tenk branntryggleik på hytta

Det brenner i over 100 hytter og fritidsbustadar kvart år i Noreg. Dei alle fleste ligg langt frå nærmaste brannstasjon. Det er dei same krava til branntryggleik i hytter og fritidsbustadar som i din private heim. Det er ca. 150 000 hytter i Noreg som ikkje har god nok branntryggleik.

Illustrasjon av landskap med hus og brannbil - Klikk for stort bilete

Hugs:

  • Røykvarslar
  • Brannsløkkemidel
  • Skorstein og eldstad
  • Fyringsrutinar
    • Bruk tørr ved og god trekk til det har blitt skikkeleg fyr
    • Reguler trekken slik at det brenn med rolege flammar
    • Legg på litt og litt ved for å fyre jamt
    • Bruk aldri tennvæske, bensin eller andre brennbare væsker
    • Ikkje fyr med bos
  • Rømmingsvegar.

Har du spørsmål kontakt branninspektør Svein Ove Åmås