Støttekontakt i Bu og miljøtenesta
Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til eit anna menneske?
Sist endra 08.07.2026 13:54
Har du litt tid til overs og eit ynske om å bidra til at andre får ein rikare og meir sosial kvardag? Då håpar me du tek kontakt med oss.
Me ynskjer søkjarar i alle aldrar og livssituasjonar velkomne. Kanskje er det nettopp du som kan bli den personen som gjer den store forskjellen i kvardagen til nokon andre. Søknaden din vert liggande i vårt arkiv, og om me ikkje har ein god match med ein gong, vil du likevel bli vurdert fortløpande ved behov.
Les alt om engasjementet og søk gjerne.