Stortingsvalet - tidleg stemmegiving frå 1. juli
Tidleg stemmegiving startar 1. juli og du kan stemme i kva som helst kommune i landet.
Dersom du ikkje har høve til å stemme i den ordinære førehandstemmeperioden (11. august til 5. september), kan du be om å få tidlegstemme i perioden 1. juli til 8. august.
Sist endra 26.06.2025 14:21
I Årdal kan du ta kontakt med Tenestetorget på telefon 57 66 52 20 for å avtale tid for å stemme.
Opningstider på Tenestetorget er alle kvardagar kl. 08.00 - 15.00.
For å kunne stemme, må du ha med legitimasjon med namn, fødselsnummer og bilde, for eksempel id-kort, pass eller førarkort.
I år vert det ikkje sendt ut valkort.
Ordinær førehandsstemming startar 11. august.