Stilling som rektor/lærar i musikk- og kulturskulen

Årdal Kommune har ledig 50% stilling som rektor og 50% stilling som lærar  i musikk- og kulturskulen.  Desse stillingane kan kombinerast dersom søkjar med rett kompetanse for stillingane søkjer.

Kulturskulen er ein del av oppvekst- og kultureininga, og har tett samarbeid med grunnskule og SFO. Rektor har kontor i administrasjonsfløyen på Farnes skule, og har undervisningslokaler på dei to grunnskulane i kommunen. (Farnes skule og Tangen skule).

Søknadsfrist 28. juni.

Årdal Kommune har ledig 50% stilling som rektor og 50% stilling som lærar  i musikk- og kulturskulen.  Desse stillingane kan kombinerast dersom søkjar med rett kompetanse for stillingane søkjer.

Kulturskulen er ein del av oppvekst- og kultureininga, og har tett samarbeid med grunnskule og SFO. Rektor har kontor i administrasjonsfløyen på Farnes skule, og har undervisningslokaler på dei to grunnskulane i kommunen. (Farnes skule og Tangen skule)

Om stillingane

Årdal kommunale musikk og kulturskule er ein aktiv kulturskule med rundt 200 elevplassar. Skulen gjev musikkundervisning i rytmiske instrument, piano, korpsinstrument, sang og undervisning i visuell kunst.

Kulturskulen sel dirigent- og instruktørtenester til korpsa i kommunen.

Rektor har ansvar for økonomi og personalleiing i kulturskulen, og er underlagt kommunalsjef for oppvekst og kultur. 

Ansvarsoppgåver for rektor:

  • Kulturfagleg, pedagogisk og administrativ leiing
  • Leie den faglege utviklinga
  • Utvikle kulturskolen som ein ressurs for det lokale kulturlivet
  • Organisering og gjennomføring av lærarmøter og planleggingsdagar
  • Timeplanlegging, stillingsberekning og handtering av skulens fagsystem
  • Marknadsføring og synleggjering av kulturskulen
  • Skrive aktuelle søknadar og foreta ulike rapporteringar
  • Planlegging og gjennomføring av UKM lokalt og kommunekontakt for DKS
  • Legge planar og rapportere for midlar til for DKS saman med grunnskulane
  • Ansvar for den kulturelle skulesekken og Ung Kultur Møtes

Kvalifikasjonar som rektor:

  • Minimum 3-års relevant høgskoleutdanning
  • Relevant leiarutdanning eller leiarerfaring frå utdanningssektoren
  • Erfaring fra kulturskule, og fagbakgrunn innan eitt av kunstfaga musikk, drama eller visuell kunst er ei føremon
  • God forståing for økonomi, personalleiing, rammeverk og planarbeid
  • Erfaring med kulturproduksjonar, og gjerne teknisk kompetanse
  • Gode IKT-ferdigheiter
  • Gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg

Arbeidsoppgåver som lærar:

  • Undervise på messinginstrument, både einskildelevar og i grupper
  • Vere dirigent og inspirator i skulekorps og amatørkorps
  • Delta og bidra i felles utviklingsarbeid
  • Bidra før og under konsertar/framsyningar
  • Bidra til å rekruttere og utvikle tilbodet, mellom anna vere fleksibel til å jobbe nokre helgar i året (øvingshelgar, korpsarrangement, turar)
  • Samarbeide med kollegaer, kulturskuleleiing og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Utforske digitale hjelpemiddel og digitale pedagogiske opplegg

Kvalifikasjonar

  • Formelle krav til stillinga er utdanning på høgskulenivå i musikk, inklusive pedagogikk.
  • Anna relevant utdanning, realkompetanse og evner kan vektleggast.
  • Du er eit godt førebilete og inspirator for elevar, som pedagog og utøvar.
  • Du må like å jobbe med barn og unge, kunne skape gode relasjonar, samarbeide godt, vere imøtekommande, fleksibel, positiv, strukturert og engasjert.
  • Du har evna til å jobbe sjølvstendig, samstundes som du har gode samarbeidsevner

 Personlege eigenskaper

  • Synleg og tilgjengeleg, bidreg til eit godt arbeidsmiljø der alle føler seg sett
  • Motiverande og tydeleg leiar med god relasjonskompetanse (for stillinga som rektor)
  • Serviceinnstilt, ha fokus på gode løysingar for elevar og føresette gjennom god kommunikasjon
  • Engasjert i barne- og ungdomsarbeid
  • Gode samarbeidsevner, likar å jobbe i team og samhandle med oppvekst og kultursektoren og det lokale kulturlivet
  • Har visjonar og ambisjonar, og teft for kvalitet i tenestetilbodet
  • Fleksibel, det må påreknast ein del kvelds- og helgejobb
  • Du må ha førarkort og tilgang på bil, då kulturskulen har lokaler på to tettstader i kommunen. 

Personlege eigenskaper vil bli spesielt vurdert og utgjer eit grunnlag for tilsettinga.

Me tilbyr

  • arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • eit godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

    Her kan de søkja på stillinga
     

Kontaktperson:

Odd Einar Fimreite
Kommunalsjef Oppvekst og kultur
Epost: odd.einar.fimreite@ardal.kommune.no
Mobil: 905 18 131