Stenging av telefon på legekontoret i samband med HLR-øving

Onsdag den 21. oktober frå kl. 12.00 vil telefonen til legekontoret vera stengd grunna intern HLR-øving. 

Det er ikkje sett opp planlagde legetimar i dette tidsrommet. Legekontoret er likevel bemanna og tek i mot pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp.

Ved behov for øyeblikkeleg hjelp, ring 116 117. Ved livstrugande sjukdom eller skade, ring 113.