Områdereguleringsplan
Framleggsstillar
Kommunen er framleggsstillar og har utarbeidd ein områdeanalyse som ein del av det førebuande arbeidet med områdereguleringsplanen. Vidare planarbeid vert gjennomført av Årdal kommune.
Planområdet
Planarbeidet rører ved eigedomane på begge sider av Storevegen, frå Storevegen 1 i aust til krysset mellom Storevegen og Kyrkjevegen i vest samt Jotunplassen i sør. Planområdet femnar om eit areal på 79.5 daa.
Planstatus
Gjeldande plan for området vert vedteken 08.09.2011 i sak 065/11. Planen har som føremål å utvikle løysingar som vidareutviklar Øvre Årdal og Årdals-samfunnet. Planen opnar også for utvikling på «Stovatomta», der Årdalssenteret står i dag.
Arealstrategien til kommunen er nedfelt i kap. 2.8 i samfunnsdelen til kommunen. Av planomtala går det fram at planane for sentrum i Øvre og på Tangen skal reviderast for å legge til rette for ein framtidsretta sentrumsutvikling. Det vert lagt opp til at 90% av ny bustadbygging skal skje innanfor byggesonene i sentrumsområda. Planarbeidet i sentrumsområda skal drøfte behovet for parkeringsareala, og legge til rette for at sentrumsområda vidareutviklast for å skape eit berekraftig samfunn med gode bukvalitetar.
Sentrumsområda på Farnes sentrum er definert som utviklingsområde der ein ynskjer at ledig areal vert bygd ut. Ein viktig del av sentrumsutviklinga er å ivareta og vidareutvikle grøntareala og uteopphaldsarealene i -og rundt torget og på Jotunplassen. Planens omfang omfattar både det definerte sentrumsområdet ved torget på Farnes, samt bustad- og idrettsområda som omkransar Farnes sentrum.
Arbeidet skal bygge opp om ei vidareutvikling av området som tek i vare både nasjonale, regionale og lokale utviklingsmål.
Hovudmålet med planarbeidet
Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for ein berekraftig sentrumsutvikling på Farnes tek i vare utviklingsmåla nedfelt i samfunnsplanen. Planen omfattar heile det definerte sentrumsområdet samt nærliggande område i Øvre Årdal.
Planen skal legge til rette for vidareutvikling av sentrumsområda i Øvre Årdal, med hovudfokus på torgarealet på Farnes og områda ned til Jotunplassen. Som ein del av det førebuande arbeidet med planen vert det gjennomført ein analyse av planområdet. Analysen vert vedteken av teknisk utval (06.11.2023 ) og i kommunestyret (16.11.2023) i sak UTST 010/23 og KST 069/23.
Funna frå analysen vert utgangspunktet for vidare arbeid med planen. Viktige funn omhandlar problemstillingar knytt til varelevering, parkering, grøntstruktur, sykkelsti/gangveg, sykkelparkering og uteopphaldsplassar.
Planen med tilhøyrande dokument vil femne om:
1) Områdereguleringsplan med tilhøyrande plankart og planføresegner i samsvar med § 12-2 i plan- og bygningslova.
2) Planomtale og tilhøyrande dokument med omsyn til konsekvensutgreiing med utgangspunkt i § 4-2 i plan- og bygningslova.
3) Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) som vert utarbeidd i samsvar med § 4-3 i plan- og bygningslova.
Medverknad
I samband med planarbeidet vil det bli gjennomført informasjonsmøte/arbeidsverkstad.
Merknadar/uttaler og spørsmål
For nærmare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til:
Sebastian H. Lund
Telefon: 95783135
E-post: sebastian.hjertager.lund@ardal.kommune.no
Martin R. Stensaker
Telefon: 92267395
E-post: martin.ramsland.stensaker@ardal.kommune.no
Dersom du har merknadar til planprogrammet, supplerande opplysingar, synspunkt, planer eller informasjon om tinglyst rettar som kan vere av interesse for planprogrammet/planarbeidet, ber vi om at du tilskriv ovannemnde kontaktpersonar.
Vidare saksgang
Planarbeidet vert vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar (KU). Det er utarbeidd eit notat som tek føre seg planen med omsyn til KU. Sjå vedlagt notat for meir informasjon.
KU-vurdering Farnes sentrum fin du her (PDF, 250 kB)
ROS-analyse Farnes sentrum finn du her (PDF, 2 MB)
Sentrumsanalyse - Farnes - Øvre Årdal finn du her (PDF, 44 MB)
Kart planområde:
Planområde