Solid folketalsvekst i Årdal i 2023
Årdal kommune har i 2023 hatt ein gledeleg folketalsvekst, viser ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå (ssb.no). Folketalsveksten er på 67 personar og ein slik vekst må ein heilt tilbake til 2007 for å finne liknande tal på. Innbyggjartalet i Årdal 1. januar 2024 er på 5239 innbyggjarar.
Tilflyttarkontoret stadfestar at ei positiv utvikling i år har vore forventa der også om lag 50 flyktningar har blitt tekne godt i mot av flyktningtenesta vår og elles frå ulike kommunale tenester.
Topptur - Fotograf Kristine HaglundVi ser at innflyttinga i 2023 har vore langt høgre enn utflyttinga, noko som er svært kjekt å sjå. Dette er blant anna grunna aktiv rekruttering til spanande kompetansearbeidsplassar hjå kommune og næringsliv i Årdal. Tilflyttarkontoret har også etablert gode samarbeid med næringslivet og bistår kommunale tenester og verksemder som ein ressurs for å rekruttere kompetanse utanfor kommunen sine grenser. I 2023 har vi sett at mange nye tilflyttarar har funne vegen til Årdal i tillegg til ei stor auke i heimattflyttarar, ofte med familiar som vel å busetje seg i teknologibygda vår.
Fødselsoverskotet er ikkje uventa i minus, slik ein stor del av distriktskommunar i Noreg også opplev. At vi likevel har ei solid auke i folkevekst er difor svært gledeleg å sjå og viser at Årdal kommune er ein attraktiv stad å bu med gode moglegheiter for arbeid, bustadkjøp og eit aktivt fritidsmiljø.
Her er fakta frå SSB om tala for 2023.
Befolkning 1. januar 2023 | 5172 |
Fødde | 38 |
Døde | 74 |
Fødselsoverskot | -36 |
Innflytting | 249 |
Utflytting | 146 |
Nettoinnflytting | 103 |
Folkevekst | 67 |
Befolkning 1 januar 2024 | 5239 |
Sist endra 29.02.2024 15:07