Røykeforbod på idrettsanlegg, leikeplassar og i private køyretøy - Endringar i tobakkskadelova
Frå 1. januar 2026 vart det forbode å røyke og e-røyke (dampe) på utandørs idrettsanlegg, på leikeplassar og i private køyretøy der det er barn og unge under 18 år til stades.
Sist endra 12.02.2026 09:57
I korte trekk
Frå 1. januar 2026 er det forbode å røyke og e-røyke (dampe) følgande plassar:
- på utandørs idrettsanlegg
- på utandørs leikeplassar
Forboda gjeld heile området og heile døgnet.
Frå 1. januar 2026 er det vidare forbode å røyke og e-røyke (dampe) i private køyretøy der det er barn og unge under 18 år til stades.
Forboda skal bidra til å sikre barn eit røykfritt miljø. Etter tobakksskadeloven har barn rett til eit røykfritt miljø og den som har ansvar for barn skal medverka til at denne retten vert oppfylt.
Det er Stortinget som i juni 2025 vedtok å innføre desse nye røykeforboda. Du kan lese meir om bakgrunnen for forboda i Prop. 116 L (2024-2025) og du kan lese meir om vedtaksprosessen i Stortinget.
Les meir om dette i informasjonsskrif frå Kommuneoverlegen (DOCX, 654 kB)