Plan for friluftslivets ferdselsårer og naturmangfaldsplan - arbeidet går framover
Arbeidet med innsamling av kunnskap for ferdselsplan for friluftsliv og naturmangfaldsplanen går framover. I går kveld deltok 30 engasjerte innbyggarar i Årdal i eit medverknadsmøte for å samle og utveksle informasjon og kunnskap om naturmangfald, stiar og ferdselsårar i kommunen vår.
Sist endra 28.01.2025 15:15

Det var stort engasjement rundt bruk og merking av slike turstiar, og god vilje til å drøfte løysingar i høve ulike interesser i bruken av naturen vår.
Frå kommunen si sida deltok Stine Ohrvik (klima- og miljørådgjevar), Henrik Foss (idrettskonsulent og dagleg leiar frivilligsentralen på Årdalstangen), Martin Ramsland Stensaker og Sebastian Hjertager Lund (kommuneplanleggjarar) og Taryn Malkhassian (folkehelsekoordinator). I tillegg var innleigd konsulent Geir Gaarder frå Miljøfagleg utredning tilstades, og informerte om prosessen rundt naturmangfaldsplanen. Foss hadde innlegg om sti- og løypeplanen.
Kommunen har samla masse god og oppdatert informasjon om Årdalsnaturen, i tillegg til at representantar frå ulike organisasjonar fekk innsikt i korleis kvar sin bruk av ulike naturområde påverkar andre interesser.
Me er svært takknemleg for engasjementet. No vil me få inn endringane frå gårsdagen inn i kartet og lage eit meir systematisk oversyn over stiane. Så vert dette sendt ut på innspelsrunde til innbyggarane og i styra til dei ulike lag og foreiningar. Neste fase vil vere å samle seg og drøfte løysingar i høve sti-nettverket vårt med omsyn til m.a. bruk, tilgang, universell utforming, identitet og tilknytning, og ivaretaking av naturmangfaldet. Planprogrammet for naturmangfaldsplanen vert fastsett i fystkomande formannskapet og kommunestyret. Det jobbast med å utvikle ein medverknadsplan ifm naturmangfaldsplanen.