Oppstart arbeid med budsjett 2026

Årdal kommune ynskjer innspel til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029.  

Årdal kommune har middels til høge inntekter samanlikna med ein gjennomsnittleg kommune. Dette tilseier at det skal vere økonomi i kommunen til å yte gode kommunale tenester og til å kunne bidra saman med privat og frivilleg sektor til samfunns- og næringsutvikling. 

Rekneskapen 2024 syner derimot at den økonomiske handleevna til Årdal kommune er blitt svekka. Kommunen må redusere driftsutgifter for å få ein meir berekraftig økonomi. Kommunen har dei siste to åra måtte brukt av sparepengane for å dekke utgifter til drift, renter og avdrag på lån.  “Å snu skuta” krev politiske prioriteringar og vi må auke effektiviteten i tenestene. 

Økonomiplanseminar 

24. april vart det gjennomført eit økonomiplanseminar der formannskapet, utvalsleiarar, kommunedirektøren si leiargruppe, hovudtillitsvalde og hovudverneombod var deltakarar. 

Hovudmålet med dagen var å få ei felles forståing av den økonomiske situasjonen og få ein tidleg start på arbeidet med budsjett 2026 og rullering av økonomiplan. Etter møtet er deltakarane oppmoda til å gjennomføre ei arbeidsøkt og komme med innspel til budsjett 2026 og rullering av økonomiplan. 

Sjå brevet som er sendt ut

Vil du gje innspel til budsjett 2026?

Send innspel til postmottak@ardal.kommune.no

I denne tidlege medverknadsfasen ynskjer vi  innspel innan 23. mai. Før vedtak i desember skal budsjettet ligge ute til offentleg ettersyn i minst to veker. Då kan alle gje uttale til framlegget. 

Alle uttaler vert sendt til kommunestyret sine medlemar før handsaming av budsjettsaka.