Årdal kommune er ein del av Simas IKS og avfall skal handterast av dei. Kommunen sin avtale med Sunde Resirk AS som miljøstasjon går ut 31. mai 2025.
I perioden 1. juni til 11. juni vil innbyggarane i Årdal vere utan tilbod om levering av avfall fram til den nye miljøstasjon opnar.
Gratis å levere
Mange typar avfall er gratis å levere på miljøstasjon. Dette gjeld mellom anna elektrisk avfall, jernskrap, hageavfall og sortert hushaldningsavfall som papp, plastemballasje og metallemballasje. Andre typar avfall som ikkje er gratis, må ein i utgangspunktet betala for.
Avfall med kvote:
Alle abonnentane har i tillegg ein årleg gratis-kvote på 3 kubikk som kan brukast på miljøstasjonane. Dette kan vere restavfall, møblar, tilgrisa papp og papir, bøker m/stiv perm.
Denne type avfall blir registrert i Mobilappen MiljøID eller du må ha med deg fysisk kort.
Når gratis-kvota er brukt opp, gjeld det eigne prisar for levering. Men, hugs at du kan levere fleire typar avfall utan at det vert trekt frå gratis-kvota.
Sorter ulike avfallstypar kvar for seg før du kjem til gjenvinningsstasjonen. Hugs at ein ikkje tek imot avfall i mørke/svarte bossekker. Dette for å sikre god sortering og trygg handsaming.
Mobilapp “MiljøID” eller fysisk kort
Du treng tilgangsbevis for å få levere avfall på miljøstasjonen og for å få registrert gratis-kvota. Dette får du ved å laste ned appen MiljøID på telefonen, eller ved å nytte fysisk kort som du kan bestille hjå SIMAS.
Nyttige lenkjer
Kontakt Simas IKS dersom du har spørsmål om avfallshandteringa i Årdal kommune.