"No skal me bli skikkeleg gode på kjeldesortering"

Det seier kommunedirektør Stig Stark-Johansen om samarbeidet som utviklar seg mellom renovasjonsselskapet SIMAS og Årdal kommune.

Bilete av Kommunedirektør Stig Stark-Johansen og Leiar i SIMAS Dagny Ugulsvik Alvik - Klikk for stort bileteDirektør i SIMAS, Dagny Ugulsvik Alvik og kommunedirektør i Årdal kommune, Stig Stark-Johansen, er glad for samarbeidet som skal bli tettare. No er arbeidet i gang med å forme den beste løysinga for alle. FOTO: Simas

Årdal kommune har vore deleigar i SIMAS sidan stiftinga av selskapet i 1994. Tanken har heile vegen vore å saman finne dei beste løysingane for renovasjon i kommunen. Og fram til april i år har eit eige forbrenningsanlegg på Geithus vore løysinga for Årdal kommune.

"1. april er det slutt. Då får me rett og slett ikkje lov å brenne boset her lenger. Så da vil me samarbeide tettare med SIMAS for å finne gode, alternative løysingar" fortel kommunedirektøren.

Fleire endringar frå 2024

I løpet av 2023 skal forma på samarbeidet avklarast. Etter planen skal ei ny, fullverdig ordning starte opp frå 1. januar 2024.

"Då håper me Årdal kommune har dei same avfallsbehaldarane som resten av kommunane i SIMAS. Då kan me også sortere ut matavfall og få behaldar for glas- og metall utanfor døra" fortel Stark-Johansen.

Det har kome nye krav om utsortering av matavfall og kommunedirektøren innrømmer at Årdal kommune heng litt bakpå.

"No skal me bli skikkeleg gode på kjeldesortering og å tenkje ombruk. Det er flott at me kan samarbeide tettare med SIMAS som har god erfaring. Dei har sortert ut matavfall i 20 år, så her har me mykje å lære."

Vidarefører arbeidsplassar

No framover skal formalitetar på plass og informasjon komme ut til innbyggjarane i kommunen.

"Me i SIMAS applauderer eit tettare samarbeid med Årdal kommune. At dei ynskjer å bli betre på kjeldesortering og ombruk er som musikk i våre øyre. Og me har eit fantastisk godt samarbeid så langt" fortel direktør i SIMAS, Dagny Ugulsvik Alvik og fortsett:
"Det er mykje som skal avklarast og planleggast slik at renovasjon i Årdal blir best mogleg utført ved fullstendig overtaking av ansvaret for handtering av avfallet. Me ønskjer også å kunne tilby vidare jobb for dei tilsette som er på renovasjon i Årdal i dag."

For å få til ein best mogleg prosess er Erlend Kleiveland i Damhaug consulting engasjert som prosjektleiar, og representantar frå både Årdal kommune og SIMAS samarbeider i ulike grupper. Det er mange detaljar som skal på plass.

Bileta av Årdalstangen teke frå Lindviki - Klikk for stort bileteAt Årdal no bli eit fullverdig medlem av SIMAS er berre positivt. – Me har eit godt samarbeid så langt, fortel SIMAS-direktøren. FOTO: Brita Erica Duwe. Brita Erica Duwe

"Bra for heile Sogn"

Ugulsvik Alvik er tydeleg på at dei nye krava til utsortering utelukkande er ein god nyheit. Overgangen til ein grøn omstilling av samfunnet påverkar alle institusjonar, næringsliv så vel som privat personar. At dette no fører med seg ein ny kommune inn i SIMAS er berre positivt.

"Saman gjer me kvarandre gode. Meir utsortering gjer at meir material vert resirkulert og behovet for uttak av nye naturressursar reduserast. Me skal vere gode på kjeldesortering her i Sogn, me jobbar for «Ressursar på rett veg»."

For meir informasjon: