Møte i utval Samfunn torsdag 10. september

Torsdag 10. september er det møte i utval Samfunn og du kan følgje møtet direkte frå kommmunestyresalen kl. 08.00.

På saklista står mellom anna slutthandsaming av ny kommunedelplan for naturmangfald og ny gebyrforskrift for plan-, byggje-, delings-, oppmålings- og seksjoneringssaker. 

Kommunedelplan for naturmangfald 2026–2038
Utvalet skal handsame kommunen sin første heilskaplege plan for naturmangfald. Planen byggjer på oppdatert kunnskap om naturverdiar i Årdal og inneheld 21 konkrete tiltak for å ta vare på naturmangfaldet fram mot 2038. Høyringsrunden synte brei støtte til planen, og kommunedirektøren tilrår at planen vert vedteken. Planen skal vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for framtidig arealforvaltning og revisjon av kommuneplanen sin arealdel. 

Ny gebyrforskrift 
Utvalet skal òg handsame forslag til ny gebyrforskrift for private planforslag, byggje- og delesaker, eigarseksjonering og oppmåling. Målet er å få ei meir rettferdig og føreseieleg gebyrordning som i større grad speglar den faktiske ressursbruken i den enkelte saka. Det kom ikkje inn høyringsmerknader til forslaget, og kommunedirektøren tilrår at forskrifta vert vedteken med verknad frå 1. januar 2027.

Orienteringar
I tillegg får utvalet orienteringar om fleire aktuelle prosjekt og saker, mellom anna arealplanarbeidet, arbeidet med nytt omsorgssenter/sjukeheim, Offerdal kraftstasjon, Jotun stadion og budsjettarbeidet.

Møtepapira er tilgjengelege på kommunen si nettside.