Møte i utval Levekår torsdag 10. september

Utval for Levekår møtest torsdag 10. september kl. 12.00 på Tangen skule. Dette møtet vert ikkje strøyma.

I tillegg til fleire orienteringssaker skal Utval for Levekår handsame samarbeidsavtalen for etablering av NAV Sogn.

Etablering av NAV Sogn
Forslaget gjeld eit vertskommunesamarbeid mellom kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Vik og Årdal, der Årdal skal vere vertskommune for dei kommunale NAV-tenestene. Målet er å styrkje kvaliteten på tenestene, sikre meir likeverdige tilbod til innbyggjarane, redusere sårbarheit ved fråvær og byggje sterkare fagmiljø. Samstundes skal NAV framleis vere til stades i alle deltakarkommunane.

Orienteringar
Utvalet får også orienteringar om fleire aktuelle saker innan helse, omsorg og oppvekst, mellom anna arbeidet med nytt omsorgssenter/sjukeheim, lokalmedisinsk senter, status for legetenesta, barnevern og psykisk helse, vikarbruk i omsorgstenestene og situasjonen i barnehage og skule.

Saksdokumenta er tilgjengelege på kommunen si heimeside.