Viktig informasjon om koronaviruset

Me har fått ny heimeside

Endeleg kan me stolt syna fram den nye heimesida vår. Den trengte verkeleg eit løft. 

Det har vore viktig for oss å utvikla ei informativ og brukarvenleg heimeside med godt innblikk i kommunen sine tenester. Hovudfokuset er tenesteinformasjon, ikkje nyhende og bilder. Det nyttar vi andre medie til, som facebook og instagram

Om du er innbyggjar, politikar, tilflyttar eller ynskjer å besøke kommunen vår er målet å gjera det enklare for deg å finne informasjon om kommunen. Utvald informasjon finn du også på engelsk.

Me har lagt til rette for personlege digitale tenester som  "Mi side".  Du loggar på med MinId og kan lese digitale brev fra kommunen, sjå faktura du har motteke fra oss og dine nye digitale skjema. Etterkvart skal du og kunne finne informasjon om din eigedom.

Me oppmodar lag og organisasjonar om å registrere seg  på vår nye organisasjonsmodul. Legg inn aktivitet, slik at alle i bygda kan få oversikt over dette.

Etter kvart vil alle plandokumenta våre bli lagt inn.  

Me set pris på tilbakemelding fra deg. Likar du den nye sida, eller er det noko du saknar informasjon om? Send oss gjerne ein e-post til: postmottak@ardal.kommune.no, eller du kan bruke tilbakemeldingsfunksjonen direkte i heimesida (finn du det du leitar etter Ja/Nei). 

Til toppen