Månadens kommune - Årdal kommune
Digi Vestland løftar fram gode døme frå digitaliseringsarbeid i medlemskommunane. Her deler vi inspirerande historier og smarte løysingar og tips frå kommunane.
Sist endra 09.03.2026 08:17
Utdrag:
Årdal er ei av dei mindre kommunane i DigiVestland, men viser gong på gong at storleik ikkje står i vegen for digitale ambisjonar. Med tett samarbeid med andre kommunar og tidleg bruk av nasjonale fellesløysingar har Årdal etablert seg som eit godt døme på korleis små fagmiljø kan ta store digitale steg saman med andre.
Byrja tidleg – og held fram i høgt tempo
Eit av dei store digitale løfta i Årdal kom gjennom deltakinga i DigiVestland sitt regionale innføringsløp for Folkeregister. Dette samarbeidet la grunnlaget for ei smidig overgang til dagens moderne Fiks register, og sidan 2022 har kommunen hatt integrasjon mot Fiks register i alle sentrale fagsystem.
Les heile artikkelen her.