
Faren for spreiing av den svartelista lupin opp i høgfjellet må takast på alvor. Lupinbestandane i regionen vår utgjer no ein stor risiko for fjellområda, fordi det ikkje finst naturlege barrierar for spreiing innover vidder og høgfjell.
Den største utfordringa med å svekke bestandar av lupin er at frøa er levedyktige i jorda i fleire ti-år. Ein plante produserer fleire hundre frø, som kan liggje spiredyktige i jorda i 50 år. Dei viktigaste tiltaka er derfor å svekke plantene og hindre at dei blomstrar. Hagelupin har blitt sådd i mange hagar, og blei i ein periode også brukt for å pynte i vegskråningar. Fordi lupinane kan ta opp nitrogen frå lufta, kan dei vekse i all slags jord. Dei trugar særleg det naturlege mangfaldet av engplantar, fordi mange av desse berre kan overleve på skrinn jord der dei ikkje blir utkonkurrerte av andre, meir hurtigveksande artar. Lupinar fortrengjer dei lokale artane, og gjer i tillegg jorda meir næringsrik slik at konkurransesterke artar («ugras») med tida tar overhand.
For å hindre frøspreiing må frøstandane på hageplantar fjernast under eller rett etter bløming. Små førekomstar kan lukast før frøsetting. Planterestane kan da bli liggande igjen på staden, men ikkje slik at røtene kjem i kontakt med jord eller vatn. Helst bør likevel plantematerialet fjernast, for å unngå gjødseleffekt. Avfall frå lupinar kan leggjast til kompost dersom dette skjer før planten har starta på frøutviklinga.
Fjerna lupin som har gått til frø skal leggast i plastsekker og levert til miljøstasjon som restavfall, ikkje hageavfall. Tenestetorget på rådhuset deler ut plastsekker og hanskar til dei som vil. Simas teke i mot framande artar som restavfall i gjennomsiktige sekkar, gratis.
Sjå heimesida vår og Simas for meir informasjon
Ved spørsmål, ta kontakt med klima- og miljørådgjevar Stine Ohrvik.