Ledige stillingar på utedrift veg og park

Me har to faste stillingar som fagarbeidar i utedrift ledig.

Søknadsfrist for begge stillingane er 17. november.

Fagarbeidar - utedrift - park:

100% fast stilling som fagarbeidar i utedrift - park. 

Arbeidsoppgåver

Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar, grøntanlegg, leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning og avløp.

Denne stillinga har arbeidsoppgåvene i hovudsak innafor utedrift på park, men ein kan i periodar bli tildelt arbeidsoppgåver innafor heile tenesteområdet.

Det vil vere varierte arbeidsoppgåver innanfor vedlikehald av park og grøntanlegg. Det vil vere alt frå plantepleie, plenklipping, stell av blomsterbed, trefelling samt bruk og vedlikehald på ulike maskiner som grasklipper, motorsag, kantklipper og liknande. Det vil vere arbeid utandørs i ulike værforhold.

Les meir om stillinga og søk.

Utlysing av stilling i utedrift park - Klikk for stort bilete

Fagarbeidar - utedrift - veg:

100% fast stilling som fagarbeidar i utedrift - veg.

Arbeidsoppgåver

Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar, grøntanlegg, leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning og avløp.

Denne stillinga har arbeidsoppgåvene i hovudsak innanfor utedrift på veg, men ein kan i periodar bli tildelt arbeidsoppgåver innafor heile tenesteområdet.

Det vil vere varierte arbeidsoppgåver innanfor drift og vedlikehald av veg. Det spenner seg frå feiing av gater, kantklipp og grøfting på vår og sommar, til brøyting, strøing og salting på vinterstid. 

Les meir om stillinga og søk.

Utlysing av ledig stilling i utedrift veg - Klikk for stort bilete