Ledig stilling - GIS-rådgjevar
Vil du jobba med kart, geodata og digitale løysingar i eit nytt fagmiljø i Sogn?
Frå 1. januar 2027 etablerer Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal kommunar eit felles vertskommunesamarbeid for kart, oppmåling og GIS, med Luster kommune som vertskommune.
Sist endra 13.11.2026 10:23
Me søkjer ein GIS-rådgjevar i 100 % fast stilling, med oppstart 1. januar 2027. Det er opning for å ha arbeidsstad i ein av kommunane i samarbeidet.
Det nye samarbeidet får ni fagtilsette: tre innan kart og GIS, inkludert fagansvarleg, og seks innan oppmåling og matrikkel, inkludert fagansvarleg. I tillegg kjem einingsleiar. Du vert dermed del av eit større fagmiljø som skal levera tenester til alle dei fem kommunane.
Om stillinga
Som GIS-rådgjevar vil du arbeida med forvaltning, produksjon og utvikling av kart og geodata. Du vil samarbeida tett med fagansvarleg for kart og GIS, den andre GIS-rådgjevaren og resten av fagmiljøet i samarbeidet, i tillegg til relevante fagmiljø i kommunane.
Kommunane nyttar Norkart sine løysingar på sentrale delar av fagområdet, med GISLine som ei sentral plattform. Arbeidet omfattar både dagleg forvaltning av kart- og geodata, brukarstøtte og utvikling av løysingar og arbeidsmåtar. Oppgåver og ressursar skal nyttast på tvers av kommunegrensene, slik at alle kommunane får likeverdige tenester.
Les meir om stillinga og søk på stillinga via Luster kommune.